Mest leste :
1.
 Får du i deg nok vitamin D i den mørkaste tida av året?
2.
 Med Odda under huden og på lerretet
3.
 4H - jubel over framhald av støtta til frivillige
4.
 Noreg nytt medlem i verdsarvkomitéen
5.
 "Kom ikkje med heile sanningi"
6.
 Flaumtunnel med kraftverk - kanskje einaste sjansen
7.
 Triveleg gjenhøyr i lokalradioen
8.
 Travel og variert helg på Iris Scene
9.
 Myrkdalen satsar stort på arrangement
10.
 Uendra mjølkekvoter for 2018
11.
 Hordaland får flest hurtigladarar i landet
12.
 Spanande poesinatt i Ulvik
13.
 Trening gir tryggare bruk av elsykkel
14.
 Foreslår fire millionar kroner ekstra til butikkar i distrikta gjennom Merkur-programmet i 2017
15.
 Redda eplesal for millionar
16.
 Fryktar faste må gå ved Fjellstrand verft
17.
 Når målet om 80 prosent norske poteter
18.
 Vert ikkje opna i dag
19.
 Åpne vegar til klokka 21:00
20.
 Rekordmange søknader om avlingserstatning i Hordaland

"Det er bare å gønne på"
- Publisert 16. oktober 2016 av Mannsåker, Tone Marie
Sjølvhjelp.JPG
Clik on image for large version
Grytten og Bergsvåg. Bilete: Renate Aase

Etter fire døgn med yrande folkeliv i Odda, er Litteratursymposiet over. Høgtalarane har stilna, lysbøttene er sløkte, dei frivillige får gå heim. Det er tid for å setja slå for dørene i Lindehuset. Men for ein fest det var, med tidenes publikumsoppslutning

For faktum er at svært mange arrangement, også dei såkalla smale, trekte fulle hus. Ekstrastolar måtte hentast i aust og vest, og somme tok meir enn gjerne til takke med ståplass. 

Årets tema, HJELP, vart belyst frå alle tenkelege synsvinklar, frå det djupt alvorlege til det burleske, i samtalar, opplesingar, musikk og performance.

Underteikna er kjend for å bruka alle oppdrivbare superlativ i ordboka når det gjeld Litteraursymposiet i Odda - (fordi det er verdt det). Har ingen ambisjonar om å vera objektiv i år heller, men det vert gjort eit ærleg forsøk, og sidan alle store og små salar var fulle, kan det vera på sin plass å gje rom for noko av det som var smått og godt og.  

I kjend stil opna symposiet offisielt med Litterær Kraftstasjon i Lindehuset. Det var eit kor frå Odda ungdomsskule som saman med Khaled Harara opna framsyninga - med tekstar og song om solidaritet og hjelp. Ellers fylgde opningsframsyninga ei velkjend oppskrift med offisielle helsingar ved Oddaordførar, Roald Aga Haug, og Leiar i fylkesutvalet for Kultur og idrett, Beate Husa. Terje Tvedt leverte årets essay og  visesongaren Trygve Skaug fylgde og opp. Festivalleiar Ingvild Ystanes ynskte velkomen til gards med store smil og eit breidt og engasjerande program i ryggen. 

Frode Grytten, i Helge Olsen sin skapnad, harsellerte med Trolltungaturistane og dei mange redningsaksjonane dei har utløyst denne sesongen. Som alltid utløyste han og dei skrå utlegningane hans, latterbylgjer og vill applaus i salen. Det gjorde han og på laurdagens Halloodda - då i skapnaden til tidlegare redaktør i Hardanger Folkeblad, Arne Hesjedal - på jobb som oppvarmar for Marit Eikemo med sidekick Lars Eikemo, sitt varierte og interessante talkshow, nytt av året, med blanding av forfattarar og lokale "kjendisar".  

Nytt av året var og  programserien Terapirommet, lokalisert til eit lite rom, Hardangersamlinga, der tre svært ulike bidragsytarar fekk kvar sin ettermiddagstime for å formidla kor ein kan finna hjelp, eit vellukka konsept etter publikum sine reaksjonar å døma. 

Først ut var tre ungdomar, Kristine Øyvang, Rikard Backer-Owe og Margit Helene Rosvold med gjester, som ville formidla ein smak av himmel ved hjelp av tekstar frå Bibelen. Dei trakk fullt hus i Hardangersamlinga og gav til beste ei framsyning samansett av bilete, musikk og tekst med innslag av dans/visualisering. Utan å vera påtrengande skapte dei ein elegant og medrivande time som hadde ein synleg pulsdempande effekt på forsamlinga. Rett og slett ei lita lunge midt i ein hektisk festival.

Medan den yngre garde inviterte til å lena seg attende og ta imot, gjekk teikneserieskaparen Flu Hartberg motsett veg då Terapirommet var hans. Før framsyninga gjekk han rundt på området og "lokka" folk til terapi ved hjelp av ei Twistskål og sjarm. Etter å ha fortald litt om korleis han arbeider, inviterte han publikum til å dela eigne "problem" med forsamlinga - for så å finna ei av teikneseriestripene sine som illustrasjon på problemet, samtidig som han delte synspunkt på korleis handtera det - alt med ein rev bak øyret og humor. Dialogen gjekk livleg, og meir eller mindre dei fleste engasjerte seg.

Den tredje timen i Terapirommet var tildelt eigenerklærte spesialistar i sjølvhjelp; Frode Grytten og Henning H. Bergsvåg. Hardangersamlinga var full til over bristepunktet, og for å seia det slik; ei liknande framsyning har neppe vore å sjå på nokon scene, nokon gong. Alle i publikum vart tildelt ei rosin ved ankomst for seinare bruk i ei mediativ øving, eller var det Mindfulness, ikkje godt å seia.

Det dreg for langt å få alle detaljar med her, men litt kan det dryppa. Inspirert av ei verkeleg hending; ein mann utan armar som spelte gitar for paven med tærne, tok Grytten av seg på føtene og gjorde nettopp det. Vel, å seia spela, er å dra det for langt, men han drog tærne over strengane til Ebony and Ivory medan "pave" Bergsvåg kom hoppande fram. 

Karane tok føre seg Healing og, dei undra seg over om ein kunna heala seg sjølv eventuelt også gjera fjernhealing på seg sjølv - for betrakteleg lavare pris. Dei la seg og anføtes på golvet for å testa om dei kunne kjenna kvarandre sine lunka hender sirkulera noke centimeter over den andres kropp. Noko som fort vart litt for intimt. 

Dei demonstrerte og "å bryta ned for å bygga opp", eller den såkalla Helvetesveka, komprimert til Helvetesminuttet. Dette bestod i at dei kvar sin gong sat med nakne føter i ei bøtte med isterningar, med sovemaske over augo og ei tissepotte på hovudet, medan den andre brølte fornærmingar.
Dei kjende seg begge etter sigande, langt meir i kontakt med seg sjølv etter dette.

Avslutningsvis hadde Grytten skrive eit nytt Jon Fosse - skodespel, med dialog utover ei setning, i kjend Jon Fosse - stil, men med såkalla positivt fokus. Etter terapien leverte dei ut eit evalueringsskjema til eit publikum med utslitne smilerynker og krampe i magemusklane.

Andre små, men gode arenaer under Litteratursymposiet, er leiligheitene i Murboligen. Det er privatpersonar som velvillig opnar dørene sine for forfattarar og publikum. I år var det Beate Grimsrud, Soudabeh Alishahi og Frode Grytten som innstallerte seg i kvar sin heim for å lesa medan tre grupper på 20 menneske kvar, vandra frå husvære til husvære for litterært påfyll. Å ha veggane så nær og forfattaren så tett på, skaper ei spesiell stemning og ei særskildt stille lytting som er fin å oppleva.   

Under Litteratursymposiet kan ein oppdaga det store i det vesle og det vesle i det store. Som når Frode Grytten i det store arrangementet HELP, saman med Pedro Carmona Alvarez brukte Beatles - låten Help som bakgrunn for ein gripande tekst om demens, eit lite, men viktig bidrag til å skjøna ørlite av korleis det kan kjennast å vera dement. Eller når Lars Eikemo på det smekkfulle arrangementet Halloodda, snakkar ope om å vera dyslektikar i samtale med forfattaren Beate Grimsrud - som og er dyslektikar. Alt er mogeleg når folk er modige.

Som alltid var det fleire musikalske innslag under Litteratursymposiet, på Iris Scene spente det seg frå lyrikaren Jon Hjørnevik med einmannsbandet Dagfinn Iversen, via trygve Skaug til Thea Hjelmeland. I Lindehuset var det mellom anna Hotel Sundal med Frode Grytten og Pedro Carmona Alvarez -band med Frode Grytten. 

Og det må jo berre seiast, til det kjedsame, men når det der sant, så er det sant: Saman med festivalleiar Ingvild Ystanes og sidekick Else Marie Sandal med fleire, er Grytten ryggrada i Litteratursymposiet. Han ligg og duppar i ei boble i Folkebadet. Han står i treningsdress i Lindehuset, han tråkkar barføtt i Hardangersamlinga og vandrar Odda rundt med hundrevis av menneske bak seg. Han les, samtaler og ler.

Til Ingvild, Frode, Else og alle frivillige er det ein ting å seia: Sett dykk no. Det gjekk ekstra, fantastisk godt.
"Halve Noreg" - kom til Odda kommune denne veka.  Samtidig seier alle forfattarar underteikna har veksla ord med, at dei fins ingen litteraturfestival i landet som har slik oppslutning frå eigne innbyggarar som Litteraturfestivalen i Odda har!
  
Då er det å vona at lokale politikarar ser verdien av dette store fellesløftet, at dei trør til der det trengs - eller berre "gønner på" som sjølvhjelpsekspertane Grytten og Bergsvåg ville ha sagt det!  






 Tips noen om denne saken
Sende til flere mottakere? Separer adressene med komma.





VG RSS
1.
 Borreliose-eksplosjon i 2017
Hittil i år er det registrert flere tilfeller av alvorlig borreliose etter flåttbitt enn i noen av de siste 22 årene.
2.
 Jarle (44) bruker Facebook i jakten på kjærligheten
Gjerdølen Jarle er ikke som andre single menn på landet som jakter på kjærligheten. Nå håper han på kjæreste i julegave.
3.
 Fant plast i fire av fem norske blåskjell
Spiser du blåskjell? Da får du mest sannsynlig i deg plast også, og det bekymrer forskerne.
4.
 Britisk media: Mourinho i blodig krangel etter dramaet på Old Trafford
Det oppsto fullt kaos etter storkampen på Old Trafford søndag kveld: United-manager José Mourinho skal ha vært helt sentral da bråket startet, Citys assistent-trener Mikel Arteta skal ha forlatt området med blod i ansiktet.
5.
 Opptøyer i Betlehem: Palestinere jages gatelangs
BETLEHEM (VG) Palestinske barn ned i tiårsalderen deltar i gatekamper mot israelske soldater.
6.
 Lionel Messi tangerte Gerd Müller som mestscorende spiller
(Villarreal-Barcelona 0-2) Lionel Messi (30) har nå scoret 525 mål for Barcelona. Det er tangering av Gerd Müllers (72) Europarekord fra 70-tallet.
7.
 «Farmen»-Halvor har fått kjæreste
«Farmen»-vinneren møtte kjæresten før han flyttet inn på gården.
8.
 Røisland-suksess etter tøff sesongstart: – Helt rått
Snowboardkjøreren Mons Røisland (20) fikk det endelig til å klaffe da han suverent vant søndagens verdenscupkonkurranse i Big Air i Colorado.


Søk på Radiofolgefonn.no


LOKALE KAMERA

ODDA

VOSS

KVINNHERAD

EIDFJORD

ULLENSVANG

KVAM - ÅLVIK

BERGEN

FOLGEFONNA

GRANVIN


VEGKAMERA

LÅTEFOSS

KLØVET

SELJESTAD

RØLDALSTUNELLEN

VELURE

KVAMSKOGEN

SVELGANE / SKJERVET

EVANGER

VINJE VEST

DYRANUT

HAUKELI

HARDANGERBRUA


Dekningsområde & frekvens

Odda
 Fm:104-104,2-105,5-106
Ullensvang 
 Fm:101-105,2
Voss
 Fm:101,5-104-104,4-104,8-106,3
Granvin
 Fm:101-107,3
Ulvik
 Fm:107
Eidfjord
 Fm: 104-105,9
Kvam
 Fm:104-106-107,3
Jondal
 Fm: 106-107,3
Frekvenskart

Levert av MindIT Solutions AS i samarbeid med Aarekol IT Kompetanse