|
Kvar fredag på Radio Folgefonn!
Gevinstar frå 200.- til 36 000.-
Spel I Kl: 21:05 Spel II Kl: 22:15
Radiobingo spelar du heime – åleine eller saman med vener. Du må ha radio som tek oss inn, telefon og sjølvsagt bingobrikker. Radiobingo er enkelt, morosamt og spanande! Har du ikkje forsøkt ?
No har du sjansen!
Bingobrikker får du her:
|
Odda:Narvesen,Shell,Coop Mega Best Bensin ,Rimi Rema 1000, Skarsmo Mat og Hytteservice
Kvinnherad: Rimi Rosendal, Spar Seimsfoss Spar Hatlestrand
Kvam: Coop Marked Tørvikbygd, Esso Norheimsund Joker O. Tufta Omastrand, Statoil Øystese, Coop Marked Ålvik
Jondal: Joker Herand
Ulvik: Grillkiosken
Granvin: Joker Granvin
Eidfjord: Joker Nesheim & Co
Voss: Kiwi Skulestadmo,Statoil, Coop Mega, Narvesen Vangsgata,Brukiosken, Narvesen Amfi Joker Oppheim, Joker Vinje, Joker Haugsvik
Ullensvang : Esso Kinsarvik
|
|
|
Ei bingobrikke kostar 60.-
OBS
Dersom ein sendar fell ut og du mistar lyden frå Radio Folgefonn, må du IKKJE ringe radioen sin programleiar / studio, men du kan ringe bingo- ansvarleg Ivar Nistad på tlf: 95 42 86 51
Radio Folgefonn har 21 sendarar. Av ulike årsaker kan det skje at ein sendar fell ut. Skulle dette skje rett før eller under ei bingosending prøver du om du kan få inn Radio Folgefonn på ein anna frekvens. Sjå hovedsida "dekningsområde og frekvens"for å finna alternativ sendar.
Spelereglar for bingo Ei bingobrikke har 4 ark ( Spel 2 har berre 1 ark) Kvart ark har seks rubrikker. Kvar rubrikk har 3 rekker. Til saman 90 tal er fordelt på dei 6 rubrikkane på arket. Spelet startar på 1. arket. Etter kvart som tala vert lest opp, kryssar du av dersom talet er å finna i ein av dei 6 rubrikkane dine. Når du har kryssa av alle tala i ei rekke, har du bingo, og ringer Radio Folgefonn. Telefonnummeret står på framsida av bingobrikka. Du må oppgje kontrollnummeret som står over rubrikka du har bingo i. Stemmer det har du bingo og minstegevinst. Sidan går spelet vidare på same arket til nokon har bingo på 2 rekker i same rubrikk. Og til slutt, bingo på 3 rekker i same rubrikk. Det er ein fordel at du oppgjev kva tal du har bingo på med ein gong du ringer til radioen. Då kan du kanskje sleppa å dela premien med andre. Spelet går sidan vidare på same måte på 2. 3. og 4. arket.
Lykketalspotten I tillegg til dei ordinære gevinstane, har radioen også ein lykketalspott på opp til 36 000.- Lykketalspotten er ein ekstragevinst på kr 2000.- . Dersom gevinsten ikkje går ut, overføres denne til neste speledag. Den kan veksa til 36 000.- Kor mykje det er i lykketalspotten vert oppgitt før spelet startar. Lykketalspotten kan du vinna dersom du får bingo på eit bestemt tal, ”lykketalet ”,på den 3. rekka på ark 1,2,3 eller 4. Lykketalet blir trekt på førehand og vert oppgitt før spelet startar. Fordi bingo på Radio Folgefonn har 2 omgangar, kan du også vinna lykketalspotten i andre speleomgang som berre har eit ark. På dette arket kan du vinna lukketalspotten både på 1, 2, og 3-rekkers bingo.
NB! Lykketalspotten kan berre gå ut ein gong pr. kveld
|